|
|
|
KVEN ER VI? Vi er ei gruppe enkeltpersonar som er ueinige om det meste alt ifrå politikk til religion, og vi er heller ikkje heilt einige om kva som er alternativa til vindkraft. Men ein ting er vi alle einige om: Vindkraftverk på kysten i Gulen kommune er eit altfor stort inngrep i naturmiljøet og til altfor stor skade for kulturminne, reiseliv og hyttebygging. Vi meiner at det på sikt kan skapast fleire arbeidsplassar og høgre inntekter til kommunen ved å satse på eit naturmiljø på kysten utan inngrep av store tekniske installasjonar og Tusenårsstaden Gulatinget som merkevarer. Medlemmar av nettverket:
Vennlegast gi beskjed viss du eventuelt skifter til ny e-postadresse. Her kan alle i Gulen, eller som har tilknyting til Gulen i form av hytte/fritidshus eller slekt, og som er imot vindmøller melde seg på med namn, adresse og telefonnummer og/eller e-postadresse. Ved påmelding kan du bruke denne e-postadressa: postmaster@motvindmoellerigulen.net. Som aktivt medlem av nettverket vil du bli informert via e-post når det skjer noko nytt når det gjeld vindmøller i Gulen og oppdatering av denne heimesida. Nettverket er spesielt interessert i å få med alle i Gulen som driv firma innafor reiselivsbransjen. Vindmøller og turisme går ikkje godt i hop i lengda, og vi må kanskje velje om vi vil ha levande bygder eller vindmøllekraftverk. La oss vise politikarane i Gulen at skepsisen til vindmøller i Gulen ikkje er så liten som dei gjerne vil ha det til! Det vil seinare bli laga eit opprop mot vindmøller i Gulen som vil bli lagt ut på www.opprop.no hos nettavisa til Dagbladet. Der kan alle som vil skrive seg opp med namn og delvis skult e-postadresse melde seg på. Det kan bli aktuelt å lage ein formell organisasjon med styre og org.nr. viss det er stor nok adresse for det. Gi gjerne tilbakemelding om kva du synest om denne heimesida, om ting som kan betrast og nye ting som vi bør vere med. For ordens skuld, det er ikkje noko poeng for Nettverket mot vindmøller i Gulen å provosere tilhengarane av vindmøller mest mogeleg. Denne saka er så viktig at her bør flest mogeleg spele på lag. |
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>> Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>> Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>> Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>> UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>> Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009. WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>> Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>> Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>> Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>> Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>> Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>> Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 19.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |