|
|
|
SOLUND KOMMUNE Solund kommune er den minste kommunen i Sogn og Fjordane med om lag 870 innbyggjarar, og den einaste kommunen i fylket som berre ligg på øyar. Yts i Sognefjorden vert kommunen vår den vestlegaste kommunen i landet med Utvær fyr som det vestlegaste punktet. Les meir på heimesida til Solund kommune>>
FOLKERØYSTING OM VINDKRAFT I SOLUND Måndag den 9. januar var det folkerøysting om vindkraft i kommunen. 444 av dei 698 røysteføre gjekk til urnene med si stemme. Resultatet vart 204 som sa ja til vindkraftutbygging og 229 nei, medan 11 stemde blankt. Det vil seie at det er 45,9 % for og 51,6 % mot, altså ei overvekt på 5,7 % mot vindkraftutbygging. Dette er eit betydeleg fleirtal mot, og dette er eit større Nei-fleirtal enn då det vart EU-Nei i 1994. Les meir på NRK-Sogn og Fjordane si heimeside>> Alt dagen etter folkerøystinga skal ordførar Ole Gunnar Krakhellen ha uttalt til NRK-Sogn og Fjordane, at ein skulle prøve å køyre igjennom i kommunestyret ei full utbygging av alle tre vindkraftanlegga. Viss dette er riktig, kan ein lure på det demokratiske sinnelaget til ordføraren i Solund, og for så vidt også dei andre politikarane som er tilhengarar av full utbygging. I eit velfungerande demokrati er det eit godt prinsipp, at ein også skal ta eit rimeleg omsyn til eit eventuelt mindretal. Men her vil det tydelegvis bli lagt opp til, at eit eventuelt fleirtal i kommunestyret skal køyre over eit markert fleirtal i folket. Kan det komme noko godt ut av dette? Når folket i Solund er splitta i to nesten like store delar i saka om vindkraft i kommunen, bør det vere eit minstekrav, at utbygginga av vindkraft blir halvert i høve til dei opphavlege planane. Eit anna alternativ kan vere å respektere Fylkesplanen som har ei vernesone rundt leia i Sognefjorden på 5 kilometer. Det tredje og siste alternativet er truleg det beste: Å avvise alle dei tre planlagde vindkraftverka og heller satse på naturbasert turisme og hyttebygging. Ei undersøking som TØI (Transportøkonomisk Institutt) har gjort for Stryn og Hornindal kommunar, viser at kvar hytte står for kjøp av lokale varer og tenester for omlag kr. 11.000 i året. Det blir litt arbeidsplassar av det også. Viss hyttene blir bygde av lokale handverkarar og materialane kan kjøpast lokalt, kan vi truleg snakke om inntekter som kan måle seg med inntektene ifrå vindkrafta, og det med langt fleire arbeidsplassar enn det som vindkraftselskapa kan tilby. Sjå: tøi, Økonomiske virkninger av reiseliv i Stryn og Hornindal i 2008, side 39: https://www.toi.no/getfile.php/Publikasjoner/T%d8I%20rapporter/2010/1077-2010/1077-2010-el.pdf.
UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Nei til vindkraft i Solund kommune: http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=2511
Dette er frå side 76 i Regional plan for vindkraft i Sogn og Fjordane. Kartet viser vernesona på begge sider av leia midt i Sognefjorden og Krakhellesundet. Skal denne planen fylgjast, vil Ulvegreina vindkraftverk nærmast bli utradert og Ytre Sula vindkraftverk litt redusert. I praksis er det truleg betre å stoppe anlegget i Ytre Sula.
Alle tre bileta ovanfor er henta ifrå sine respektive meldingar/konsesjonssøknader til NVE. Det første viser ein del av anleggsområdet, det andre er teke mot aust innover Sognefjorden og det tredje mot havet i vest.
Dette er det endelege kartet i Fylkesplanen over konfliktområda i Solund når det gjeld vindkraft.Her kan ein sjå at heile kommunen er eit einaste stort konfliktområde gradert frå middels til stort.Legg spesielt merke til at søre delen av Ytre Sula har fått stort konfliktpotensiale.
Forslag til nettilknyting der Ytre Sula Vindpark og Ulvegreina Vindpark skal koplast i hop. Her skal det gå ei 132 kv. line nordover til Lutelandet og ei til Brosvik i Gulen. For Gulen sin del vil dette føre til at vi vil få ei line ifrå Dalsbotnfjellet til Frøyset i Masfjorden med 2-kurs stålmaster på 25 til 30 meters høgde. Det vil vere kraftig elektromagnetisk stråling ifrå ei så høgspent line som kan vere skadeleg for folk som bur i nærleiken. Denne kraftige høgspentlina vil komme midt i fugletrekket nord - sørover. Slike kraftliner vil vere minst like skadeleg for fuglar som sjølve vindmøllene, til høgre spenning, til meir skade. Det som vil vere endå verre er, at denne strålinga vil påverke den gjengse jordstrålinga i området, slik at den også blir verre i eit større område. Dette kan føre til fleire tilfelle av kreft, men også meir generelle helseplager for folk som bur i nærleiken. Ref.: RayFence>>
INNSPEL I FRÅ SOGN OG FJORDANE TURLAG: Turlaget sitt svært klåre syn på utbyggingane i Solund er følgjande: Vi er sterkt mot all vindkraftutbygging i Solund. Naturen der er altfor verdfull til at den skal øydeleggast av 88 store turbinar. Der bør det ikkje settast opp ein einaste turbin! Nest etter Guleslettene i Flora og Bremanger, reknar vi Solund som det verste området i Sogn og Fjordane å bygge vindkraftverk i! Vi ønskjer at alle dei 3 utbyggingsplanane vert lagde vekk – for godt! Les meir>>
Vi i Nettverk mot vindmøller i Gulen (NMVIG) ser det ikkje som vår oppgåve å kjempe imot vindkraftverk i nabokommunar, viss det ikkje går ut over oss også her i Gulen. Dette får sulingane finne ut av sjølve. Vil dei ha industrielle vindkraftanlegg som gir lite lokale arbeidsplassar og ytterlegare utflytting og forgubbing? Eller vil dei satse på naturbasert turisme med bygging av rorbuer, hytter og fritidshus som kan gi liv og aktivitet rundt om i bygdene, i alle fall i feriesesongen og helgane? Det siste gir nemleg auke i lokale arbeidsplassar for entreprenørar og handverkarar og meir sysselsetting i servicenæringane. Vindkraftverk og turisme går diverre svært dårleg i hop, men kor dårleg kan naturlegvis vere eit vurderings- og diskusjonsspørsmål. Reiselivsorganisasjonane åtvarar mot bygging av vindkraftverk i typiske turistområde, og så godt som ei samla reiselivsnæring går også sterkt i mot dette. På den andre sida argumenterer energiselskapa med vindmølleturisme, og det er kanskje greitt der det ikkje finst andre turistmessige mogelegheiter. Men ei undersøking som er føreteke av Vestlandsforsking viser at: Turistane vil ikkje ha vindmøller. Når det gjeld SAE-Vind, har dei også eit utbyggingsprosjekt på sørsida av Sognefjorden i Gulen kommune, nemleg Brosviksåta Vindpark med 35 vindmøller. Blir begge desse prosjekta realiserte, vil turistane som skal inn Sognefjorden for å sjå f.eks. verdsarven Nærøyfjorden, nærmast bli møtt av ein portal av vindmølleanlegg på begge sider av innløpet til Sognefjorden. Då treng vi nok ikkje lenger tenkje på meir gratisreklame hos det internasjonale stormagasinet National Geographic Traveler om at Fjord-Noreg er verdas beste urørde reisemål. Reiselivsnæringa i Indre Sogn bør nok ta ein kikk på dette. Når NMVIG likevel har valt å blande seg litt inn i vindkraftutbygginga i nabokommunen Solund, er det fordi desse to prosjekta også har konsekvensar for turismen og reiselivssatsinga i Gulen. Vi har etter kvart fått ein del store hyttefelt i den vestlege og nordlege delen av kommunen, og desse kan bli svært sjenerte av desse planlagde vindmøllene, med f.eks. uestetisk synsinntrykk og svært "morosame" solnedgangar om sommaren. Dessutan er det planlagt ei 132 kilovolts kraftlinjer gjennom Gulen til Frøyset i Masfjorden. Bileta her er henta ifrå konsekvensutgreiingane til dei respektive utbyggarane.
Det som står nedanfor her er det same som står på høgre sida. Av ein eller annan grunn ser det ut til å vere umogeleg å få det vekk utan at det forsvinn heilt: |
|
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>>
Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>
Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>
Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>
UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>
Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009.
WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>
Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>
Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>
Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>
Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>
Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>
Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 26.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |