Startside
Opp
Brosviksåta
Sandøy
Setenesfjellet
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

INNSPEL

 

SOGN OG FJORDANE TURLAG

Kopi av innhaldet i oversendings-e-posten til Solund kommune, Fylkeskommunen og Fylkesmannen.

 

Nest etter i skiutfartsområdet på Guleslettene i Flora/Bremanger, reknar vi Solund for å vere det verste området i Sogn og Fjordane å bygge vindkraftverk i. Men konkurransen om den 2.-plassen er skarp. Både Stadlandet, Setenesfjellet, Bremangerlandet og Brosviksåta er også ille. Vi vurderer likevel Solund sin 2. plass som klår! Få andre område her i landet har ein slik grad av konflikt med:
- Eit eventyrleg område for friluftsliv på land og på/i sjø. Bortsett frå når det gjeld badetemperaturar, vert Sørlandet utkonkurrert av Solund på dei aller fleste område!
- Ein kommune som har eitt av landets finaste område for naturbasert reiseliv. Reiseliv er ei viktig næring i Solund alt i dag, men berre ein brøkdel av potensialet er utnytta! I Jostedalen er det rundt 25 arbeidsplassar knytte til breføring. Arbeidsplasspotensialet for "føring"/guiding/kursverksemd i tilknyting til naturbasert reiseliv i Solund, er langt, langt større, og utnyttinga av dette potensialet er berre heilt i startfasen i dag. "Sesongen" kan bli mykje lenger enn i Jostedalen!
- Verda si vakraste sjøreise - med Hurtigruta. I/ved Ytre Steinsund vil vindkraftverket dominere utsikten. Sør for Solund vil alle vindkraftverka bli svært godt synlege.
- Avtalen om marknadsføringssamarbeid mellom Sognefjorden, Den kinesiske muren og Pyramidane i Egypt. Ein del av intensjonen med avtalen var, ifølgje Lidvin Osland, å lære kinesarane og Egyptarane korleis dei skal forvalte attraksjonane sine. Har vi noko å lære dei viss vi bygger 4 store og eitt lite vindkraftverk rundt munningen av Sognefjorden?
- Inngangsporten til Verdsarvområdet lenger inne i Sognefjorden kan bli omkransa av 5 vindkraftverk, av dei 3 i Solund.
- Eit viktig område i Verda sitt fremste naturbaserte reisemål, dei norske fjordane, kan bli dominert av kjempemessige vindturbinar.
 
Utdrag av intervju med Jens A. Riisnæs i Næringsavisa for Solund 2008 (han veit kva han snakkar om når det gjeld reiseliv!):

"Min oppfatning er at de aller fineste områdene i Fjord-Norge IKKE er de innerste trange fjordarmene rett under fonn & fjell, men snarere de YTRE FJORDOMRÅDENE, der fjorden møter HAVET - og aller helst med et mylder av øyer i ulik størrelse og type. Tradisjonell tankegang har vært at fjordene er slike som Geiranger- & Nærøy-fjorden, men framtida kommer til å vise at det totalt sett er større turistpotensiale i “dei ytre fjordstroka” enn noen andre områder i hele Norge.

 

PS: siden Solund & resten av ytre Sogn (med resten av så å si hele kyststripa vår) er så vakker og sjelden i et globalt perspektiv, så er moderne kraft-vindmøller helt uaktuelt, fordi de ødelegger den type romantikk som er basis for enhver type reiseliv som er aktuelt for Norge. Moderne vindmøller må i norsk sammenheng plasseres til havs, kun synlig fra land med en god kikkert. Kystbaserte vindmøller er først og fremst for “kjedelige” kyster som dem i Danmark, Nederland, Belgia, Polen, ol."

 
Venleg helsing
Sogn og Fjordane Turlag
Naturvernutvalet
Alvar Melvær
leiar

 

Sjå: Sogn og Fjordane Turlag sitt innspel til NVE vedrørande dei tre vindkraftverka i Solund. MSWord-dok.

Sjå også: Utdrag av krigshistoria ifrå Storsundet i Solund. MSWord-dok.

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger  vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar  2004, Vestlandsfjordane  2006 og Fjordkysten 2009.

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:

Sist oppdatert: 19.02.2012

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

Startside Opp Brosviksåta Sandøy Setenesfjellet Sogn og Fjordane Kløvtveitvatn Generell debatt Alternativ Klima Lokal debatt Kven er vi? Lekkjer