|
|
|
SETENESFJELLET SETT IFRÅ TUSENÅRSSTADEN GULATINGET
Legg merke til at det fjellet du ser i bakgrunnen rett over Tingveggen er Setenesfjellet. Når vindmøllene kjem opp, vil dei sjå ut som propeller på toppen av kunstverket til Bård Breivik. Nedafor har vi tilsvarande bilete ifrå Fred. Olsens si Konsekvensutgreiing, side 52.
Layout med 10 møller. Fotomontasje Origo AS. Legg merke til at dette bilete er teke langt oppe i amfiet, eller fuglefjellet som kanskje er eit meir passande namn, slik at Tingveggen ikkje kjem med. Dette er Fred. Olsens sin vurdering av Flolid med Tusenårsstaden, side 65 i konsekvensutgreiinga:
Her ser vi korleis Fred. Olsen i kons.utg. prøver å bagatellisere den negative innverknaden vindmølleanlegget på Setenesfjellet har på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. For det første er ikkje Tusenårsstaden nemnt ein einaste stad i kons.utg., men Flolid er så vidt nemnt under Kulturminne og kulturmiljø, då med konsekvens middels til stor negativ. For det andre er Gulatinget berre omhandla i kapitlet Friluftsliv og ferdsel og ikkje under Kulturminne og kulturmiljø, som ein skulle tru er meir naturleg. Personleg har eg sett på Tusenårsstaden Gulatinget som eit kulturtiltak, og at området såleis burde komme inn under det som blir kalla Kulturminne og kulturmiljø. Men på den andre sida kan det hende at Fred. Olsen faktisk har eit poeng her, i og med at kunstnaren Bård Breivik, som har hatt ansvaret for utforminga av området og lagd Tingveggen og dei andre skulpturane som skal setjast opp i området har uttalt, at slik Tusenårsstaden ser ut no er det ikkje noko meir enn eit vanleg parkanlegg. No er det lagd ein utviklingsplan for Tusenårsstaden Gulatinget for åra 2006 til 2010, som rett nok enno ikkje er politisk vedteken. Her kan ein lese at området skal vidareutviklast som friluftsområde med badeplass og småbåthamn, det siste rett nok i privat regi. Men dette er berre ein liten del av planen der den kulturelle delen er den største og viktigaste. Fred. Olsen hevdar i kons.utg. at området er av nasjonal verdi og eigna for båtutfart, fiske, turar og bading. Dette er etter mitt syn ei nedvurdering av staden i og med at Tusenårsstaden som markering av Gulatinget i Eivindvik også har internasjonal verdi som kulturminne og kulturmiljø. Dette fordi det representative demokratiet og den dømmande makta som vart grunnlagt på Gulatinget, ikkje berre vart ein modell for resten av Noreg, men også for øyar i vest som m.a. Færøyane og Island. Ein annan ting er at Fred. Olsen hoppar bukk over det faktum at Gulatinget vart flytta ifrå Eivindvik rundt år 1250. Det er ulike oppfatningar og teoriar om kvar det vart flytta hen, men professor Helle ved UiB hevdar bestemt at det vart flytta til Flolid. Viss dette er riktig, må området også reknast som eit automatisk verna kulturminne. Ei ytterlegare bagatellisering av kulturminnet eller kulturmiljøet Tusenårsstaden blir gjort ved å slå vurderinga av det saman med Eivindvik. I sentrum av Eivindvik der Gulatinget opphavleg låg, vil ein ikkje kunne sjå vindmøllene på Setenesfjellet. Såleis kjem Fred. Olsen fram til den endelege konklusjonen som eit skalgs gjennomsnitt, nemleg middels konsekvens. Eg vil hevde bestemt at vurderer ein Tusenårsstaden Gulatinget for seg sjølv i høve til vindmøllene på Setenesfjellet, bør konklusjonen heller vere stor negativ konsikvens. Gjer til slutt oppmerksam på at illustrasjonane med vindmøllene på Setenesfjellet ser betre/verre ut, dvs. meir tydelege og avskrekkande, når ein ser dei i konsekvensutgreiinga på "skjermen" enn på denne heimesida eller i papirutgåva. |
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>> Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>> Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>> Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>> UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>> Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009. WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>> Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>> Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>> Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>> Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>> Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>> Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
|
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 26.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |