|
|
|
SETENESFJELLET VINDMØLLEPARK SETENESFJELLET
PROSJEKTOMTALE / UTSIKT IFRÅ SETENESFJELLET / TRE ALTERNATIV / LOKALISERING AV VINDMØLLEKRAFTVERKET / BILETE AV SETENESFJELLET MED OG UTAN VINDMØLLER / KONSEKVENSUTGREIING / TIDLEGARE SAKSHANDSAMING Sjå: SAKSHANDSAMING Setenesfjellet er eit framskote fjellplatå som ligg midt i det beste kystområdet i Gulen. Her hadde Fred. Olsen Renewables AS opphavleg planlagt å investere 400 millionar kroner for å byggje mellom 20 og 30 vindmøller på opptil 200 meters høgde. Desse skulle ha ein samla effekt på mellom 40 og 60 MW og var berekna i eit normalår å produsere mellom 150 og 175 GWh. Dette tilsvarer straumforbruket til omlag 6000 husstandar. Til samanlikning vil kraftvarmeverket på Mongstad, når det blir bygt, tilsvare 800 vindmøller. No ser det ut til at heile prosjektet til Fred. Olsen har vorte redusert til berre 15 vindmøller med ein effekt på 3,0 MW kvar, men likevel slik at det blir ein samla installert effekt på opptil 45 MW og ein årsproduksjon på mellom 130 til 170 GWh. Dette kjem truleg av at Fred. Olsen har funne ut at det er meir lønnsamt med færre og større vindmøller. Typisk høgde på tårna til 3 MW-møllene vil vere 80 meter, med ein rotordiameter på 90 meter. Den totale høgda vil då komme opp i 125 meter. Dette alternativet er utgangspunktet for konsekvensutgreiinga, sjå side 24 i denne. Det har vore litt forvirring med omsyn til kva som er det eigentlege namnet på prosjektet og ei stund figurerte det m.a. som Gulafjorden vindkraftverk. Men det skal visst på noverande tidspunkt heite Setenesfjellet vindmøllepark. Det kan synest som ein språkleg absurditet å kalle eit vindmøllekraftverk for -park, når ein tenkjer på kva ein elles pleier å assosiere med ordet -park, men dette er vel eit av mange triks Fred. Olsen og andre utbyggarar bruker for å gjere vindmøllene meir "spiselige" for lokalbefolkninga, og ikkje minst lokalpolitikarane i Gulen.
Desse bileta er lagde ut for å vise kor god utsikt det er ifrå toppen av Setenesfjellet og såleis kor godt synlege vindmøllene vil bli i forskjellege retningar i området rundt fjellet. Klikk på bileta for å sjå dei i eit større format. Bileta er også lagde ut for å vise både gulingane og andre interesserte kor fin og unik kyst vi har her i Gulen. Det unike ved kysten er at den er gjennomskåren av fjordar både på kryss og tvers. Dessutan er det også meininga å vise kor synlege vindmøllene vil bli for Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid og hyttefelt i området, både gamle og nye under planlegging og utbygging, i tillegg til vanlege turistbedrifter. Nettverk mot vindmøller i Gulen er av den oppfatning at Gulen kommune, i staden for å satse på vindmøller, heller bør satse på eit naturmiljø i kystområdet fritt for store tekniske inngrep og Tusenårsstaden Gulatinget som merkevarer. Dette vil gi langt fleire arbeidsplassar og på sikt også større inntekter til kommunen enn kva øydelegging av kysten med vindmøller vil gjere. På side 46 i konsekvensutgreiinga blir det første omtalte alternativet med 15 vindmøller kalla Situasjon B, og det dukkar opp to andre alternativ eller situasjonar: Situasjon A: Består av 18 vindmøller med ei yting på 2,0 MW kvar. Desse vindmøllene har eit tårn på 78 m, rotordiameter på 80 m og ei totalhøgde på 118 m. Situasjon C: Består av 10 vindmøller med ei yting på 4,5 MW kvar. Desse vindmøllene har eit tårn på 124 m, ein rotordiameter på 114 m og ei totalhøgde på 181 m. Prisen på heile anlegget har vorte redusert til 372 millionar kroner, og sjølve utbygginga skal skje i regi av eit selskap som heiter Norsk Miljø Energi Vest AS. Dette er eit heileigd dotterselskap av Fred. Olsen Renewables AS og er også det selskapet som har utarbeidd konsekvensutgreiinga. Det siste er kanskje ikkje heilt betryggjande? Men på den andre sida er NME-Vest si konsekvensutgreiing eit samandrag av i alt 6 del- eller fagrapportar utarbeidde av uavhengige konsulentfirma, og ein må vel gå ut ifrå at desse er rimeleg nøytrale. Sjå saksmappe hos Norges Vassdrags- og Energidirektorat>> LOKALISERING AV VINDMØLLEPARKEN. Den sentrale plasseringa som Setenesfjellet har midt i kystområdet i Gulen er også det som er mest problematisk med denne vindkraftutbygginga. Det gjer at vindmøllene blir svært godt synlege i heile kystområdet, og ulemper som m.a. visuell ureining, støy, flimmerlys og refleksar vil påverke svært mange over eit stort område. Nettverk mot vindmøller i Gulen er redd for at dette kan verke negativt inn på turismen og bygging av rorbuer, hytter og fritidshus i området. Kystturisme og bygging av rorbuer, hytter og fritidshus er for tida truleg den største vekstnæringa i Gulen kommune og teknisk etat har opptil fire gonger så mange reguleringssaker som for berre nokre få år sidan. Vågar verkeleg politikarane i Gulen å "gamble" med dette? I og med at spørsmålet om bygging av vindmøllekraftverk kom opp etter siste kommuneval, har ikkje politikarane i Gulen fått noko mandat ifrå veljarane til å setje i gang med ei storstilt vindmøllekraftutbygging. BILETE AV SETENESFJELLET MED OG UTAN VINDMØLLER. Dette er fem miniatyrbilete av Setenesfjellet sett ifrå forskjellege synsvinklar. Klikk på eitt og eitt av bilete for å sjå det i større format med og utan illustrasjonar med vindmøller.
Konsekvensutgreiinga er som nemnt tidlegare lagd av eit selskap som heiter Norsk Miljø Energi Vest AS, som er eit heileigd dotterselskap av Fred. Olsen Renewables AS. Den er bygd på 6 del- eller fagrapportar som alle er sende til NVE i lag med konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga. Sjå saksmappa til Setenesfjellet vindmøllepark hos NVE. Konsekvensutgreiinga ligg på ei pdf-fil hos NVE som du kan laste ned ved å klikke her. Nedlastinga kan ta litt tid, i og med at det er ei stor fil og sjølve dokumentet er på 104 sider. Når du har fullført nedlastinga, kan du enten lese dokumentet på PC-skjermen eller prente det ut. Viss du synest det er mykje å prente ut 104 sider, kan du i staden velje å prente ut berre dei sidene du finn mest interessante. I alle tilfelle vil eg anbefale, at når du først har lasta ned konsekvensutgreiinga, så kan du like godt lagre den på din eigen PC. Då vil du kunne finne den fram igjen på eit blunk neste gong du har bruk for den. Legg merke til ein ting: Konsekvensutgreiinga inneheld i alt 10 illustrasjonar av Setenesfjellet med vindmøller sett ifrå forskjellege stader. Desse illustrasjonane gir det beste bilete på kor synlege vindmøllene blir når du ser dei i dokumentet på PC-skjermen. Sjå: VURDERING AV KONSEKVENSUTGREIING.
Dette er den einaste vindmølla som så langt har kome opp på Setenesfjellet. Dvs. det er ein målestasjon for vind som er plassert midt inne på fjellplatået. La oss håpe at det blir med denne eine "vindmølla".
|
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>> Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>> Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>> Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>> UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>> Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009. WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>> Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>> Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>> Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>> Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>> Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>> Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
| ||||||||||||||||||||||||||||
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 26.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |