Startside
Brosviksåta
Sandøy
Dalsbotnfjellet
Setenesfjellet
Solund
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

SANDØY VINDPARK

Fotomontasje av Sandøy vindpark sett ifrå ferja mellom Leirvåg og Sløvåg.

Dette er i regi av SAE Vind DA som har Statkraft AS og Agder Energi AS som deleigarar. I eksempelløysinga er det lagt opp til 25 vindmøller på 3 MW. Installert effekt vil bli 75 MW med ein årsproduksjon på 220 GWh. I realiteten er anlegget planlagt med 19 til 38 vindmøller på den midtre og sørlege delen av Sandøy. Kvar vindmølle vil vere på ifrå 2 til 4 MW. Høgda på vindmøllene vil vere ifrå 110 til 175 meter.

Dette er innløpet til Gulen sjøvegen ifrå sør. Til venstre har vi Ånnelandssundet som er sjølei for større båtar, og til høgre har vi Brandangersundet som berre kan brukast av mindre båtar. Dette vindmølleanlegget kan verke som eit mentalt stengsel for småbåttrafikken nordover, og ein må forbi dette for å komme til Skjerjehamn med kong Olav den 5-statuen og Eivindvik med den gamle Gulatingsstaden og Flolid med Tusenårsstaden Gulatinget.

 

Sandøy sett ifrå Mjellneset hyttegrend på Brandanger. Her har SAE Vind ikkje funne nokon grunn til å ta eit bilete med innteikning av vindmøllene som skal komme i bakgrunnen.

 

Derimot her, som er omlag 600 meter lenger nord, har vi fått teikna inn vindmøllene på Sandøy i bakgrunnen. Truleg vil vindmøllene vere like synlege ifrå Mjellneset hyttegrend. Korrigert layout, Rambøl.

 

Dette er frå planområdet på Setenesfjellet mot Brandangersundet. Lengst til høgre har vi Furenes og litt meir til venstre Mjellneset hyttegrend på Brandanger.

 

Sjå:

 Større bilete>>

Vurdering og sakshandsaming>>

Brosjyre>>

 

Vi i Nettverk mot vindmøller i Gulen meiner, at det breie og vakre kystområdet vårt me fleire tusen øyar, holmar og skjer har kvalitetar i verdsklassen som gjer at det bør sparast for bygging av store prangande tekniske installasjonar som vindmøller og heller brukast til reiseliv, rekreasjon og hyttebygging. Det er pengar å tene på det også.
 
Les kva globetrottaren Jens A. Riisnæs har skrive om dette.

Derfor bør vi samle oss og avise både Sandøy og Brosviksåta vindpark, og heller sende SAE Vind tilbake til der dei høyrer heime, nemleg på Sørlandet. Så kan dei der produsere kortreist kraft til Mellom-Europa godt subsidiert av eigne straumkundar på Sørlandet.

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger  vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar  2004, Vestlandsfjordane  2006 og Fjordkysten 2009.

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:

Sist oppdatert: 26.02.2012

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

Startside Brosviksåta Sandøy Dalsbotnfjellet Setenesfjellet Solund Sogn og Fjordane Kløvtveitvatn Generell debatt Alternativ Klima Lokal debatt Kven er vi? Lekkjer