Startside
Brosviksåta
Sandøy
Setenesfjellet
Solund
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE

FYLKESDELPLAN FOR VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE

Denne planen vart vedteken av Fylkestinget den 8. juni 2011. Den legg til rette for for etablering av vindkraftanlegg med ein samla årleg produksjon på 3TWh innan år 2025. Det vil i praksis seie ein samla kapasitet på ca. 1000 MW. Til samanlikning, viss alle dei 4 planlagde vindkraftverka i Gulen blir realiserte, vil det utgjere nærmare 900 MW. Det kan vel ikkje vere meininga at vi skal ofre det meste av den urørde naturen vår for å spare resten av fylket. Nærmare omtale av fylkesplanen kan lesast her: Legg til rette for stor vindkraftsatsing i Sogn og Fjordane.

I høve til det opphavlege forslaget til fylkesplan ifrå prosjektgruppa, har denne vorte svært liberal. Ein av grunnane til det var, at då den fyrste planen var utarbeidd, vart Medhuken i Vågsøy liggjande i område med stor konflikt. I staden for å innrømme at det her var gjort ein tabbe med denne utbygginga, vart det viktig for fylkespolitikarane å gjere noko med konfliktskalaen. Såleis vart den mykje utvida og skyvd ein god del til venstre. Det inneber at alle område har gått ned i konflikt, og her i Gulen er det diverre ikkje igjen område med stor konflikt. Dette er også eit resultat av at Vindkraftforum Sogn og Fjordane fekk høve til å uttale seg om denne planen før alle andre. Fylkespolitikarane fylgde opp dette og nemnde knapt naturen og naturbasert reiseliv på kysten med eit einaste ord, bortsett ifrå dei to som er ifrå SV. Fylkesmannen har protestert til Miljøverndepartementet mot planen.

Legg merke til at fylkesplanen har ei vernesone rundt Eivindvik på 5 km i radius. Diverre blir ikkje dette respektert verken av SAE-Vind eller NVE.

 

Generelt opplysnings- og diskusjonsside på Origo om vindkraft i Sogn og Fjordane. Les meir>>

 

Lokal heimeside på Origo om planlagd vindkraft i Stongfjorden i Askvoll kommune, med diskusjonsforum. Les meir>>

 

Til kamp mot vindmøller i Askvoll, sjå: Gustav Skaar sin artikkel på Origo.

 

Kritisk til vindmøller på Stadt. Les meir>>

 

-UAKTUELT MED VINDKRAFT: Fylkesmannen vender tommelen ned for vindmøller på Stad, Gulen og Solund. Miljøvernavdelinga seier nei til dei tre omsøkte vindmølleprosjekta i fylket. NRK-S&Fj. 4/2-09. Les meir>>

ANDRE VIL HAUSTE VINDKRAFTVINSTEN: 90 prosent av prosjekta i fylket har eigarar på Austlandet og Sørlandet. 12 vindkraftprosjekt frå Okla på Stadlandet i nord til Setenesfjellet i Gulen i sør er så langt innmelde til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Men blir desse utbyggingane langs kysten av Sogn og Fjordane realiserte og etter kvart gir avkastning, vil ni tideler av overskotet gå ut av fylket. Avisa Firda 29/1-09, med avstemming om vindkraft i fylket. Les meir>>

- BLIR BLENDA AV KRAFTPENGAR: Kraftkommunar lar seg blende av å få nokre millionar kroner i kassen. Det seier statsvitar Frank Aarebrot. Han meiner kommunane må setje krav til kraftutbyggjarane, slik at framtida i distriktsnorge blir sikra: - Det er veldig viktig å vere tøff, og få mest mogleg ut av utbyggjar, seier han. NRK-S&Fj. den 30/1-09, les meir>>

- VIL STOPPE NY VINDKRAFT: Direktoratet for naturforvaltning vil at NVE stoppar konsesjonsbehandling av alle nye vindkraftanlegg i Sogn og Fjordane. Kraftselskapa slurvar og feilinformerer, meiner DN. Direktoratet for naturforvaltning (DN) er sterkt uroa over dei samla konsekvensane av den massive vindkraftutbygginga som er planlagt langs heile den ytre lina av Vestlandskysten. Bt.no den 28/1-09, les meir>>

NVE VIL BEHANDLE DE BESTE VINDKRAFTPROSJEKTENE FØRST. NVE har til behandling vesentlig flere vindkraftprosjekter enn det er plass til i det eksisterende sentralnettet med planlagte forsterkninger. NVE velger derfor å behandle de antatt beste prosjektene først og mener at dette vil bidra til at dårlige prosjekter blir skrinlagt og redusere konfliktnivået rundt vindkraftutbygging. Les meir på heimesida til NVE>>

 

KOMMENTAR TIL HÅKON SANDVIK I VESTAVIND KRAFT AS:

Håkon Sandvik i Vestavind Kraft AS skriv i sine merknader til dokumentet "Vindressursar som kan vere aktuelle til vindkraftproduksjon" mellom anna følgjande:

Begrepsbruk – ordet konflikt vil for dei fleste skape assosiasjonar om noko negativt som ein bør unngå. Alt som skapar konflikt, bør vi liksom sjå på med skepsis. Det er eit faktum at vind er ein ressurs som Sogn og Fjordane har i rikt mon. Spørsmålet må vere korleis ein kan utnytte denne på ein måte som i avveging mot andre interesser og samfunnsverdiar gjev størst mogleg samfunnsmessig nytte. Det er ikkje konklikt som er tema, men avveging av nytte mot ulemper. Begrepsbruken bør ta dette inn over seg. Eg minner om at nettopp fylkeskommunen har sett i gang eit arbeid for å identifisere potensialet for utvikling og arbeidsplassar innafor fornybar energi. Då blir det litt feil at ein på ein annan "front" fokuserer på "konfliktar"

Mine kommentarar:

Eg er einig i at begrepsbruk kan vere viktig, og eg er tilhengar av å "kalle ein spade for ein spade". Det er konfliktar kytte til vindkraftutbygging, til dels store konfliktar i ein del saker/område. Då må ein vere så opne at ein snakkar om konfliktane, og ikkje prøve å "kamuflere" konfliktane ved å kalle dei noko heilt anna.

Vestavind Kraft AS har sjølv sett seg i spissen for ein heilt spesiell og sterkt misvisande begrepsbruk i omtalen av vindkraftverk. Dei vert omtala som "parkar". Døme Okla vindpark. Ein kan vanskeleg tenkje seg ein meir misvisande begrepsbruk for vindkraftverk, eller vindindustriområde som mange kallar det, enn å kalle dei "parkar".

Dobbeltmoralen vert ikkje berre stor, men heilt grenselaus, når Vestavind Kraft AS på den eine sida omtalar vindkraftverka som parkar, og på den andre sida klagar over at ein kallar konfliktane i samband med vindkraftutbygging for det dei er - konfliktar!

Mitt råd til Vestavind Kraft AS er følgjande: Rydd opp ei eigen begrepsbruk før de klagar over andre sin!

Alvar Melvær, Sogn og Fjordane Turlag.

 

Reiselivsfylket Sogn og Fjordane er under press av vindkraftindustrien og dei sentrale styresmaktene som vil øydeleggje den vakre kysten vår med industrielle vindkraftanlegg. Nettverk mot vindmøller i Gulen har eigentleg nok nok med å kjempe imot dei to planlagde vindmølleanlegga i Gulen, men det minste vi kan gjere, er å leggje ut lekkjer til andre vindmøllekritiske heimesider i fylket.

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger  vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar  2004, Vestlandsfjordane  2006 og Fjordkysten 2009.

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:

Sist oppdatert: 19.02.2012

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

Startside Brosviksåta Sandøy Setenesfjellet Solund Sogn og Fjordane Kløvtveitvatn Generell debatt Alternativ Klima Lokal debatt Kven er vi? Lekkjer