Startside
Brosviksåta
Sandøy
Dalsbotnfjellet
Setenesfjellet
Solund
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

BKK VIL RESTAURERE VETLE KLØVTVEITVATN

Dette er Vetle Kløvtveitvatn i nedtappa tilstand. Rett nok ligg det ein liten dam igjen på botnen på eit par meters djupne i den austlege enden, der overføringstunellen kjem ut ifrå Austgulstølvatn. Litt til venstre for midten på bilete er det på botnen ein overføringstunell til Store Kløvtveitvatn, som er hovudbassenget.

Den permanente nedtappinga av Vetle Kløvtveitvatn var unødvendig og hadde ikkje noko å seie for kapasiteten til Kraftverket på Kløvtveit. Det kunne ha vore unngått med lang tunell ifrå Austgulstølvatn til hovudbassenget Store Kløvtveitvatn. No har BKK gått med på å restaurere dette vatnet til slik som det var før utbygging for 14 millionar kroner. Dette skal gjerast enten med eit stort røyr på botnen av vatnet eller ein lang tunell utanom.

Dette er svært gledeleg og prisverdig av BKK og fortener all honnør ifrå oss i NMVIG som var med på å ta opp saka. Faktisk kan vi kalle dette omdømmebygging på sitt aller beste, og ein må tru at dette er til glede for alle innbyggarane i Gulen og ikkje berre spesielt natur- og miljøinteresserte.

BKK er nemleg vårt nettselskap og dei fleste i Gulen kommune har Fjordkraft som som straumleverandør.

 

Dette er Store Kløvtveitvatn som er hovudbasseng. Det har vore heilt nedtappa og er på biletet omtrent 2/3-dels fylt opp igjen. Men heilt fullt blir det aldri, i og med at det er permanent senka med 22 meter. Dette er gjort for at vatnet ifrå to andre høgareliggjande vatn skal skal renne rett ned i det.

 

FORHISTORIE

Då BKK søkte om konsesjon hos NVE for utbygging av Kløvtveitvassdraget, var det ein føresetnad ifrå Gulen kommune at Vetle Kløvtveitvatn skulle sparast for permanent nedtapping. Dette vert stroke av NVE etter krav ifrå BKK som meinte at då ville ikkje utbygginga bli lønnsam.

Seinare engasjerte grunneigarane seg med Matias Myren i spissen sterkt i denne saka. Diverre kom dei ingen veg med protestane og alt såg ut til å vere fastlåst. Då vart NMVIG utfordra til å ta opp saka. Eigentleg var dette ei sak som ligg litt utafor det som eit antivindmøllenettverk skal jobbe med, men leiaren tenkte, at kanskje vi kan få litt støtte ifrå indrefjordingane mot vindmøllen om vi støtta grunneigarane i denne saka. (Akkurat det gjenstår å sjå.) Dessutan, begge sakene er eigentleg natur- og miljøvernsaker.

Etter at saka vart lagt inn på heimesida til NMVIG, vart det skrive ein lengre artikkel med eit svært talande bilete som vart sendt til avisene Nordhordland, Strilen og Firda. I og med at BKK har ei kontoravdeling i Førde, var det viktig å få artikkelen inn der. Ikkje lenge etter kunne grunneigarane melde, at no vart dei møtte av heilt nye folk lenger oppe i systemet hos BKK med ei heilt anna haldning til saka.

 

LÆRDOM

Den lærdommen vi kan trekkje av denne saka er følgjande: Skal ein nå fram i ei vanskeleg utbyggingssak, er det nødvendig med eit bredt folkeleg engasjement, og det helst så tidleg som råd. Er alle like uengasjerte og likegyldige, må ein rekne med ein utbyggar vel den aller billigaste løysinga, sjølv om dette vil gå sterkt ut over både naturen og miljøet. 

Dette er lærdom som vi må ta med oss i kampen mot vindkraftverka i Gulen no når den vakre og sereigne kystnaturen vår står i fare for å bli øydelagd av industrielle vindkraftverk.

I alle fall, NMVIG gratulerer grunneigarane rundt Kløvtveitvassdraget med at Vetle Kløvtveitvatn skal bli restaurert til si opphavlege form. Dette er eigentleg grunneigarane med Matias Myren i spissen si forteneste.

 

HISTORIKK OG FAKTA

Konsesjonen på fallrettane på Kløvtveit er gamle og stammar truleg ifrå den tida (1939) då L/L Gulen Kraftlag vart skipa. I 1965 vart selskapet Gulakraft skipa som eit felles kraftlag for Gulen, Brekke og Høyanger sørside. Dette selskapet selde fallrettane til Kløvtveitvatnet i 1991 til BKK, og vart sjølv kjøpt opp av BKK i 1996. Sjå: NRK-S&F Fylkesleksikon Kraftforsyninga i Gulen>>

Kløvtveit kraftverk starta opp sommaren 2006. I full drift skal det produsere 41,8 GWh i året, som tilsvarer straumforbruket til omlag 2000 husstandar. Generatoren har ein effekt på 8,8 megawatt. Frå kraftstasjonen ligg røyrgata nedgreven i den stupbratte lia opp til omlag 270 meter over havet, den øvste delen i tunell.

Kraftstasjonen vert drifta frå BKK sitt hovudkontor på Kokstad i Bergen, men tilsyn og vedlikehald ligg under BKK på Matre. Altså ingen arbeidsplassar i Gulen. Samla vil utbygginga koste rundt 100 millionar kroner, og det er den største bygginga som nokon gong har vore i Gulen. Dvs. heilt til det første endå meir natur- og miljøøydeleggjande vindkraftverket eventuelt blir bygd.

-Opplysningane er henta ifrå BKK si annonse i avisa Strilen den 8. juni 2006.

 

NMVIG sin aksjon mot BKK for å få Vetle Kløvtveitvatn restaurert til si opphavlege form har no berre av historisk interesse for spesielt interesserte, men dei som vil sjå det kan klikke her>>

 

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger  vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar  2004, Vestlandsfjordane  2006 og Fjordkysten 2009.

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:

Sist oppdatert: 26.02.2012

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

Startside Brosviksåta Sandøy Dalsbotnfjellet Setenesfjellet Solund Sogn og Fjordane Kløvtveitvatn Generell debatt Alternativ Klima Lokal debatt Kven er vi? Lekkjer