Startside
Brosviksåta
Sandøy
Dalsbotnfjellet
Setenesfjellet
Solund
Sogn og Fjordane
Kløvtveitvatn
Generell debatt
Alternativ
Klima
Lokal debatt
Kven er vi?
Lekkjer

KLIMADEBATTEN

Henta ifrå boka HIMMEL OG HAV av Siri Kalvig og Ellen Viste.

Klikk på den grafiske framstillinga for å sjå den i større format.

Her ser vi at vi dei siste 400-tusen åra har hatt fire istider som har vart ifrå omlag 70-tusen år til den siste som varde i omlag 110-tusen år. Vi ser at stort sett har auken i CO2 kome i etterhand av oppvarminga av klimaet, og denne auken har ikkje forhindra at jorda har gått inn i ei ny istid. 

Når det har vore global oppvarming, som tidlegare ikkje skuldast menneskeleg aktivitet, har dei varme periodane vore relativt korte. Såleis er det heilt spesielt at den varme perioden vi opplever no faktisk har vart i 10 til 12 tusen år.

Dei siste 15 - 20 åra har vi hatt sterk stiging i CO2 nivået i atmosfæren, men det ser ikkje ut til at den globale oppvarminga har fylgt heilt med, sjølv om det kanskje har vore ille nok. 

I følgje denne grafiske framstillinga av klimahistoria, ser det heller ut til at vi snart går inn i ei ny istid på lengre sikt enn at vi vil få ei katastrofal global oppvarming. Kanskje heldig for oss går det gradvis skrått nedover når jorda går inn i ei ny istid, så seinare generasjonar får litt tid på seg til å tilpasse seg.

Litt underleg er det å sjå at verdamene Kalvig og Viste i resten av boka agiterer for at det nokså einsidig er CO2 som er årsaka til den globale oppvarminga og at vi kan gå imot ei klimakatastrofe, utan å ta omsyn til det som kan kallast vitskapleg fakta.

 

EIN ANNAN FORKLARINGSMODELL

Medan vi hadde kalde vintrar på 80-talet, er det ikkje tvil om at vi har hatt ei global oppvarming dei siste 15 - 20 åra. Men skuldast dette eine og åleine auka CO2 i atmosfæren slik som klimaekspertane hevdar, og går vi mot ei nærmast uunngåeleg  klimakatastrofe? Den siste vinteren (-07/-08) skal iskappa i Arktis overraskande nok ha auka med 250-tusen km3.

Den danske solforskaren Henrik Svensmark ved Dansk romsenter har forska seg fram til ein heilt annan klimamodell enn dei toneangivande klimaforskarane. Han hevdar at det er skydanninga på jorda som bestemmer klimaet. Skyene er det mediet som mest effektivt reflekterer sollyset. Til meir skyer, til kaldare klima og vice versa.

Metta vassdamp i atmosfæren må ha partiklar å kondensere seg på, såkalla kondensasjonspartiklar. Dei mest effektive kondensasjonspartiklane er ifølgje Svensmark faktisk kosmisk stråling. Ved atomforskingssenteret i Cern i Sveit brukar ein f.eks. tåkekammer som er metta med vassdamp til å påvise nye elementærpartiklar. Desse let etter seg ei kondensasjonsstripe av kondensert vatn.

Problemet med global oppvarming oppstår når det er så mykje magnetisk aktivitet på sola at den kosmiske strålinga blir trengt bort ifrå jorda. Då blir det for lite kondensasjonspartiklar i atmosfæren til at metta vassdamp får kondensert seg. Dette medfører at det blir mindre skyer og meir innstråling av sollys og solvarme til jordoverflata og dermed global oppvarming som resultat. Ikkje rart at vi får spesielt kraftig uver av og til når vassdampen i atmosfæren må vere sterkt overmetta før den kondenserer seg.

Med andre ord: Det er kosmiske tilhøve som er hovudårsaka til den globale oppvarminga, ikkje den drastiske auken i CO2-nivået.

Sjå Danmarks radio sitt program om forskinga til Henrik Svensmark: Viden om - klimaet styres fra rummet.

Channel 4 GB: The Great Global Warming Swindle.

Sjå også Dagbladet.no den 13/1-09: 2008 var det kaldeste året siden 2000.

Desse nye teoriane om klimaet er diverre ikkje enno innarbeidde i dei noverande klimamodellane. Når ein legg inn i klimamodellane at all tidlegare global oppvarming skuldast auke i CO2-nivået, er det ikkje så rart at ein får eit alarmerande resultat. Søppel inn - søppel ut.

Når 97 % av alle klimaforskarar trur at den globale oppvarminga skuldast auka CO2-nivå i atmosfæren, så blir det likevel berre tru, hypotese eller "antakelse" og ikkje vitskap. Det endelege vitskaplege beviset på at det i hovudsak er CO2-gass som er årsaka til global oppvarming er enno ikkje levert.

Henrik Svensmark sine teoriar om klimaet stemmer med klimavariasjonar i historisk, prehistorisk og geologisk tid. Dette kan ein ikkje akkurat seie om klimaekspertane sine klimamodellar. Kan klimamodellar som ikkje kan relaterast til tidlegare klimavariasjonar eigentleg seie noko sikkert om klimaet i framtida?

No skal det seiast, at Henrik Svensmark har fått ein del motbør ifrå dei såkalla klimaekspertane. Noko anna kan ein ikkje vente med det klimahysteriet som vi har i dag. Berre framtida kan vise kven som har rett, men då skal det vel til minst ti iskalde vintrar etter kvarandre før klimademagogane gir seg.

Men i alle fall har han fått litt støtte av seniorforskar ved Norsk romsenter, Pål Brekke.

 

For meir informasjon om klimabløffen, sjå: Klimarealistene.com. Eg har sjølv meldt meg inn her og synest at desse folka verkeleg har noko å fare med, og ikkje er dei fanatiske heller.

 

Bøker:

Henrik Svenmark og Nigel Calder: The Chilling Star - A New Theory of Climate.

Per Engene og Gøran Tullberg: KLIMAET -  Vitskap og politikk.

 

Side framleis under opparbeiding...

 

Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune.    Les meir>>

Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>>

Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>>

Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>>

UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>>

Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger  vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar  2004, Vestlandsfjordane  2006 og Fjordkysten 2009.

WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>>

Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>>  

Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>>

Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>>

Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>>

Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>>

Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>

 

NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN

Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:

Sist oppdatert: 26.02.2012

E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net

Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.netBesøksstatistikk.

Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt.

Startside Brosviksåta Sandøy Dalsbotnfjellet Setenesfjellet Solund Sogn og Fjordane Kløvtveitvatn Generell debatt Alternativ Klima Lokal debatt Kven er vi? Lekkjer