|
|
BROSVIKSÅTA VINDPARK Bilete teke ifrå vest i Sognesjøen mot nokre av fjella som inngår i Brosviksåta vindpark. Klikk på biletet for å sjå det i større format. Dette er eit vindmølleprosjekt i regi av SAE Vind AS, som er eigd av Statkraft og Agder Energi. Det er planlagt 35 vindmøller på 3 MW og med ei total yting på 105 MW, og ein årsproduksjon på nær 250 GWh. Den samla investeringa vil vere på omlag 1300 mill kr. I omfang skal dette prosjektet visst nok strekkje seg ifrå Brosviksåta heilt til venstre på bilete ovanfor, der vi har den nasjonalt namngjetne Gulensendaren og til Gangeskaret i Henriksbødalen i Eivindvik og nesten heilt fram til Kjeringefjellet heilt til høgre. Bilete av Eivindvik sentrum og Midtunvågen teke ifrå Fonnefjellet. Klikk på biletet for å sjå det i større format.
Dette er vindmøllene på Grytefjellet og Midtunfjellet sett ifrå brua over Midtunvågen. På denne vegen må turistane køyre mellom Tusenårsstaden Gulatinget og Gulatingsstaden i sentrum av Eivindvik, som må reknast som eitt kulturhistorisk område. Nokon få hundre meter til venstre for den vestlegaste vindmølla på biletet, har det i gammal tid stått ein vete som var ein del av det gamle varslingssystemet som går under namnet Leidangen. Det var fire slike rundt den gamle tingstaden. Dei 3 andre skal ha vore på Svabergfjellet, Nevdalsfjellet og Hisarøyfjellet. Dreg ein ei line på kryss og tvers mellom dei, får ein eit kryssingspunkt i sentrum av Eivindvik. Knut Laasbye, som tidlegare jobba i administrasjonen i kommunen , var svært oppteken av det historiske her. Han hadde eit forslag om at vi burde setje opp gassbluss på vetane/vardane rundt Gulatingstaden i Eivindvik. Desse kunne tennast om kveldane når det hadde vorte mørkt eller ved spesielle høve. Han greidde faktisk å få tilslutning til denne ideen ifrå Statoil på Mongstad, før han reiste ifrå bygda. Dette synest å vere ein betre ide som bør fylgjast opp, dersom ein skal satse på Gulatinget og Tusenårsstaden som reisemål, i staden for å byggje vindmøller der vetane rundt Gulatinget har stått.
Dette er eit kart over anlegget som viser forslag til plassering av vindmøllene og vegar, henta ifrå SAE Vind sin KU. Det er her teke med 3 alternativ for veg opp i området. Alternativ 1 er svært tvilsamt, og alt. 2 er heilt uakseptabelt og bør skrinleggjast med ein gong. Begge desse alternativa vil medføre store utsprengingar i fjellet som vil vere godt synlege ifrå sjøen. Minner om at kommunen i innspel til meldingane har bedt om visualisering av vegane opp i vindmølleområdet med utsprengingar og deponering av masser. Dette har ikkje vorte gjort, heller ikkje når det gjeld dei to andre utbyggingane. Alternativ 2 vil også vere øydeleggjande for Sollibotn hyttefelt og andre hytteområde før Mjåneset på grunn drastisk utviding av vegen her i svingane.
Synligheitskart over vindmøllene i Brosviksåta vindpark. Dei mest synlege områda er dei som er mørkast blåe. Vi kan sjå at desse vindmøllene er godt synlege i heile Sognesjøen, som er innløpet til verdas lengste og vakraste fjord, Sognefjorden. Dei er også godt synlege for det meste av kystområdet i Gulen inklusive Skjerjehamn. Sogn og Fjordane Turlag går sterkt i mot dette prosjektet: Sjå innspel>>
Dette er turistbygda Dingja med vindmøllene i bakgrunnen på Kvitebergnova. Til venstre utanfor biletet er det endå fleire vindmøller som er synlege på Brosviksåta. Lengst til høgre på biletet har vi Dingen Ferie og Fritid sitt flotte anlegg med rorbuer og butikk. Her er det satsa mykje på tyske turistar. Sjå: Vurdering og sakshandsaming>> og Fleire bilete>> Sjå: Brosjyre>>
Vi i Nettverk mot vindmøller i Gulen meiner, at det breie og vakre
kystområdet vårt med fleire tusen øyar, holmar og skjer har kvalitetar i
verdsklassen som gjer at det bør sparast for bygging av store prangande
tekniske installasjonar som vindmøller og heller brukast til reiseliv,
rekreasjon og hyttebygging. Det er pengar å tene på det også.
Derfor bør vi samle oss og avise både Sandøy og Brosviksåta vindpark, og heller sende SAE Vind tilbake til der dei høyrer heime, nemleg på Sørlandet. Så kan dei der produsere kortreist kraft til Mellom-Europa godt subsidiert av eigne straumkundar på Sørlandet. |
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>> Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>> Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>> Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>> UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>> Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009. WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>> Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>> Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>> Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>> Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>> Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>> Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
|
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 26.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |