|
|
|
OPPLYSNINGSSIDE OM VINDMØLLEPROSJEKT I GULEN KOMMUNE MED VEKT PÅ DEI NEGATIVE KONSEKVENSANE AV INDUSTRIELLE VINDKRAFTANLEGG FOR NATURMILJØ, KULTURMINNE, TURISME, REKREASJON OG HYTTEBYGGING.
VINDKRAFTVERK I GULEN Diverre er det svært stor interesse hos dei rike og "grådige" vindkraftselskapa for å rasere store deler av den vakre kysten vår med industrielle vindkraftanlegg. Hittil er 3 store vindkraftselskap ute etter 4 store område med meir eller mindre urørd natur, dvs. LNF- og INON-område. At kysten vår også er svært godt eigna til turisme, med fylket sin Tusenårsstad på Flolid og Kong Olav den 5 statuen på Skjerjehamn som turistmessige fyrtårn, blir det ikkje teke lite omsyn til.
FYLKESDELPLAN FOR VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE Denne planen vart vedteken av Fylkestinget den 8. juni 2011. Den legg til rette for for etablering av vindkraftanlegg med ein samla årleg produksjon på 3TWh innan år 2025. Det vil i praksis seie ein samla kapasitet på ca. 1000 MW. Les meir>
Dette er også i regi av SAE Vind AS. I eksempelløysinga er det lagt opp til 25 vindmøller på 3 MW. Installert effekt vil vere 75 MW med ein årsproduksjon på 220GWh. I realiteten er anlegget planlagt med 19 til 38 vindmøller på den midtre og sørlege delen av Sandøy. Kvar vindmølle vil vere på ifrå 2 til 4 MW. Den sørlege delen som er lågland vil få omlag halvparten av vindmøllene. Les meir>>
Zehpyr er utbyggar for dette prosjektet. Det består av 50 vindmøller på 3 MW med ei samla yting på 150 MW. Total årsproduksjon skal vere på 391 GWh. Området er aust for riksveg 57 mellom Sognefjorden i nord og Austgulfjorden i sør. Les meir>>
GÅR I MOT SETENESFJELLET VINDMØLLEPARK: Gulen kommunestyre, Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernforbundet i S&Fj. og Miljøvernforbundet. ER GENERELT KRITISKE TIL VINDKRAFT I SOGN OG FJORDANE: Fylkesmannen i S&Fj. og Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Når det gjeld dette vindkraftverket, gjekk fristen for innspel ut for eit par år sidan, så her får det berre gå sin gang. Kommunen har gått i mot dette.
ORIENTERINGSMØTE OM VINDKRAFT I GULEN Måndag den 16. januar 2012 vart det helde orienteringsmøte i Eivindvik om dei tre planlagde vindkraftverka i Gulen, sjå Strilen: Massivt nei til vindkraft>> og Firda: Stor Gulen-motstand mot møller>>
VESTLANDSKYSTEN MED FJORDANE INNAFOR - VERDAS BESTE REISEMÅL Vi meiner at det breie kystbeltet vi har her i Gulen, som i lag med resten av Vestlandskysten og fjordane innafor heile 3 gonger har vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler (Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009) og såleis er verdas vakraste kyst, bør sparast for store prangande installasjonar som vindmøller og heller utnyttast til reiselivsføremål. I eit naturbasert reiseliv, er det svært viktig å bevare naturen mest mogeleg intakt slik som den er opphavlig. Får vi to store vindkraftanlegg på begge sida av innløpet til verdas lengste og vakraste fjord, kan vi nok berre gløyme denne gratisreklamen for framtida. Sørlandskysten har sikkert sine kvalitetar, men har endå ikkje høyrt at den har fått nokon internasjonal reklame ifrå noko internasjonalt reisemagasin. Med andre ord: SAE Vind kan halde seg på Sørlandet i staden for å komme her og øydeleggje kysten vår i Sogn og Fjordane. SOLUND OG YTRE SOGN HAR TURISTKVALITETAR I VERDSTOPPEN. Det er totalt sett større turistpotensiale i "dei ytre fjordstråka" enn nokon andre område i heile Noreg og dette er heilt uforeinleg med å satse på moderne vindmøller. Dette hevdar globetrottar og reiselivsguru Jens A. Riisnæs, i eit intervju i Næringsavisa til Solund i sommar. Les meir>> Les meir i Næringsavisa for Solund 2008 side 19>> (Her er det lita skrift, så ein må zoome godt inn før utskrift.) I den same næringsavisa er det eit intervju med Eva-Marie Tveit i Vestlandsforsking på side 5. Sjølv om ho ikkje har det same varme hjertet for kystlandskapet i Sogn og Fjordane, bekreftar ho at ved forsking har ein funne ut, at 20 av 100 turistar ikkje vil besøkje turistdestinasjonar som har vindmøller. Dette kan diverre bety kroken på døra for turistbedrifter som driv marginalt.
Gulen skal vere den største hyttekommunen i Sogn og Fjordane med omlag 1200 hytter og fritidshus. For fastbuande er det berre rundt 800 hus. Men også når det gjeld vanleg turisme kan Gulen ha ei stor framtid med Skjerjehamn med kong Olav den 5 statuen og Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid som turistmessige fyrtårn. Minneparken på Flolid er opphavleg tusenårsstad for Sogn og Fjordane, men ein jobbar med å gi den både nasjonal og internasjonal status gjennom Nordatlantisk Tingnettverk. Ein kan også tenkje seg dagscruise ifrå Bergen til turistdestinasjonar både i Gulen og Solund, det er berre fantasien som set grenser.
NMVIG: Nei til begge dei to planlagde vindkraftanlegga i Gulen. Fylgjande innspel om konsekvensutgreiing Setenesfjellet vindmøllepark og melding Brosviksåta vindkraftverk er sendt til NVE den 19/12-08. Les meir>> GULEN KOMMUNE: Nei til Setenesfjellet vindmøllepark og tja til Brosviksåta vindkraftverk. Kommunestyret i Gulen har i møte torsdag den 11. desember 2008 avvist Setenesfjellet vindmøllepark, og sagt ja til Brosviksåta vindkraftverk på visse vilkår. Les meir>> ADVARER MOT VINDMØLLESYKE. London (ANB-NTB): En amerikansk forsker mener hun har oppdaget en ny sykdom: Vindmøllesyndromet. Støy og vibrasjoner fra store vindmøller gir økt risiko for hjertesykdom, migrene, panikkanfall og andre helseproblemer, viser en undersøkelse som er gjennomført av barnelegen Nina Pierpont i USA. For å unngå helseplager, bør vindmøller helst plasserast minst 2 km ifrå nærmaste busetnad. Les meir>>
AKTUELT IFRÅ MEDIA og LOKAL DEBATT HUGS AT VI RÅR BERRE I VÅR TID. Eg er irritert over at eg og andre forholdsvis nøkterne menneske må gjere bot for storforbrukarane. 7 av 10 bergensarar er kanskje for vindkraft, men eg vil tru berre 7 av 1000 er for å byggje ut vindkraft på Byfjella, skriv Jarle Nordgulen i eit sterkt og engasjert innlegg i bt.no. Les meir>> EI TRAGISK FEILSATSING, professor emeritus Einar Sletten ved UiB: Subsidiar til vindmøller bør heller brukast til opprusting og utviding av umoderne kraftstasjonar og linjenett. Les meir>> MILJØSYMBOL UTAN UTBYTTE. MILJØ: Svære vindkraftanlegg er kostbart og kan øydeleggje verdas vakraste kystnatur. Grethe Hillersøy i Dagbladet.no 10/5-10. Les meir>> VINDKRAFT FOR DYRT. Den billigste måten å kutte CO2-utslippene på er energieffektivisering. En ny svensk rapport slår fast at energieffektivisering er den mest kostnadseffektive måten å kutte utslippene på i Sverige, skriver Ny Teknikk. Den dyreste er utbygging av vindkraft, spesielt til havs. Tu.no 29/9-09. Les meir>>
-
NORGE TRENGER IKKE VINDKRAFT. I
2008 ble det produsert 142,4 TWh elektrisk energi i Norge.
Elektrisitetsforbruket var 128,6 TWh. Likevel kjemper bransjen,
politikere og miljøvernere for å bygge ut ulønnsom vindkraft. Tu.no
26/2-09. Les meir>>
-UAKTUELT MED VINDKRAFT: Fylkesmannen vender tommelen ned for vindmøller på Stad, Gulen og Solund. NRK-S&Fj. Les meir>>
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN - FØRST MED DEI SISTE NYHEITENE NÅR DET GJELD VINDMØLLESAKA I KOMMUNEN - ei målsetting.
"ENGLAR MED SKIT PÅ VENGENE" på NRK1 Det største naturinngrepet i noregshistoria blir det kalla, når kraftselskapa ynskjer å byggje tusenvis av vindturbinar langs kysten. Store område urørt natur står i fare for å bli industriområde. Naturdokumentar laga av Per Jarle Heggdalsvik og Magne Helge Sleire vist på NRK1 tysdag 3. oktober -06. Dei som ikkje fekk sett filmen då den vart sendt på vanleg TV kan sjå den no ved å klikke her på: NRK nett-TV>>.
BKK VIL RESTAURERE VETLE KLØVTVEITVATN
FØREMÅLET MED DENNE HEIMESIDA Å drive opplysning om dei negative sidene ved vindkraft og gjere informasjonen om desse lettare tilgjengelege for folk flest, slik at kvar enkelt kan ta eit standpunkt for eller imot vindmøller på eit rimeleg realistisk og sakleg grunnlag. Det endelege målet er å få stoppa dei vindmølleprosjekta som har størst negative konsekvensar for naturmiljøet, kulturminne, turisme og hyttebygging i kystområdet i Gulen kommune. Det er også eit mål å drive litt turistreklame for Gulen, spesielt når det gjeld den vakre kysten vår.
Når det er slik at innbyggarane i Gulen ser ut til å vere meir positive til vindmølleparkar enn kva folk er mange andre stader langs kysten, kan det kanskje komme av at dei fleste her har ei meir ureflektert haldning til vindmøller og andre store tekniske inngrep i naturen og nærmast automatisk ser på dette som eit gode og eit framsteg i seg sjølv. Vi har så mykje natur her i Gulen, at det liksom ikkje er så nøye med om det ryk med eit fjell her og eit fiskevatn der. Men ein vakker dag kan vi kanskje komme til å vakne opp og oppdage at dei store tekniske inngrepa i naturmiljøet har vorte vel påtrengjande og slitsame, og at turistane ikkje lenger finn det så interessant å komme her for ferie og rekreasjon.
GENERELT OM GULEN KOMMUNE
Reiseliv Denne innleiande teksten er henta ifrå Gulen kommune si eiga informasjonsside på Internett: Gulen kommune - frå havgap til høgfjell. Klikk på denne lekkja for å lese meir om Gulen kommune. Kommunen har i 2009 fått ny heimeside som du kan sjå ved å klikke her. Sjå også Gulen kommune i NRK-S&Fj. sitt Fylkesleksikon. Vi ser her at Gulen kommune på si eiga heimeside sjølv legg stor vekt på naturmiljøet, friluftsliv og turisme. Likevel har politikarane i Gulen stikk i strid med dette uttrykt ei viss begeistring for vindmølleprosjekta i kommunen. Det same gjeld diverre gulingane generelt.
|
Setenesfjellet sett ifrå Brandangersundet, den første potensielle staden for eit industrielt vindturbinkraftverk i Gulen kommune. Les meir>> Knusande dom over vindparken. Gulen-politikarane har felt ein langt på veg knusande dom over planane for vindmølleparken på Setenesfjellet. Avisa Nordhordland 29/9-07. Les meir>> Turistane vil ikkje ha vindmøller. Mange turistar er svært negative til vindkraft, det viser ei undersøking gjort av Vestlandsforsking. Les meir>> Gulatinget kan få verdsarvstatus. Gulatinget, Thingvellir og tingstaden på Isle of Man kan hamne på den prestisjetunge verdsarvlista. Den islandske presidenten stiller seg bak ein felles søknad til Unesco. Les meir i bt.no>> UNESCO - World Heritage ga i 2005 dei vestnorske fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden verdsarvstatus. Les meir hos Dagbladet.no>> Vestlandskysten og fjordane innafor har heile 3 gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geografic Traveler: Norske fjordar 2004, Vestlandsfjordane 2006 og Fjordkysten 2009. WORLD 66, the travel guide you write: Svært positiv og omfattande omtale av Fjord-Noreg som reisemål. Les meir>> Hvor ble det av kraftkrisen. Norge verken har, eller har hatt, noen kraftkrise. Vi har imidlertid en kraftbransje som kontinuerlig har feilinformert, og som har prøvd å få oss til å tro at Norge har for lite vannkraft til å dekke egne behov. Les meir>> Svimlende potensial for offshore vindkraft. StatoilHydro er ett skritt nærmere investeringsbeslutning, etter at Enova bevilget 59 millioner til å sette opp en pilotmølle utenfor Karmøy. Samtidig viser en ny studie enormt potensial for offshore vindkraft. Les meir>> Fiskerne til til kamp mot vindmøller i havet. Fiskerne advarer mot en storstilt utbygging av vindmøller i kystsonen og i havet. Les meir>> Vindmøller og turisme, kan desse to næringane kombinerast? Les meir i Helgeland Arbeiderblad>> Vindmølleparken på Smøla førebels stengd for vanleg ferdsel. Grunnen skal vere at ei vindmølle av tilsvarande fabrikat i USA har dotte ned og drepe to menneske. Les meir hos NRK Møre og Romsdal>> Her eksploderer vindmøllen. Mellom ti og femten alvorleg havari i Danmark på tre år. Vindmøller mister oftere vingene enn tidligere. I løpet av de siste tre årene har mellom ti og femten vindmøller havarert, skriver Jyllandsposten. Les meir og sjå video>>
|
|
NETTVERK MOT VINDMØLLER I GULEN Var medlem av denne landsorganisasjonen som no er nedlagt, så er også heimesida:
Sist oppdatert: 26.02.2012 E-postadresse: leiv.henriksbo@motvindmoellerigulen.net Redaktør: Leiv Henriksbø, web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824, adresse 5966 Eivindvik, tfl. 57783216, mob. 90990898, privat e-postadresse: leiv.henriksbo@enivest.net. Besøksstatistikk. Alle bilete som er lagt ut på denne heimesida tilhøyrer redaktøren, viss ikkje anna er nemnt, og det er ikkje lov for andre å bruke dei kommersielt. |